Landskapslovene speglar truleg mest leidangen slik han var i siste del av 1100-talet og tidleg på 1200-talet. Men i den følgjande tida endra leidangen seg mykje i praksis, så vel som i lovene, og ordninga av lokale folkeoppbodsin karakter vart svekka ved styrkinga av kongemakta. På Håkon Håkonssons tid, i tiåra rundt 1250, opptrer kongen sine sysselmenn til vanleg som leiarar av leidangsstyrkene frå sine syslar. Kongsspegelen frå ikring same tid ser ut til å rekne med at det var kongen sine såkalte ikkje bordfaste hirdmenn (slike som ikkje fulgte han til dagleg, men i staden satt ute i distrikta) som fungerte som styresmenn på dei enkelte leidangskipa.
Kvart fylke skulle etter Gulatingslova stille med éin mann for kvar sjuande mann eldre enn tre år. Dette er truleg ein sers gamal regel som gjekk ut av bruk seinast i første halvdel av 1200-tallet. I staden vart skipreidene delte i manngjerder, på Austlandet i lider. Begge var gardkrinsar, som kvar skulle stille éin mann til skipet med utstyr og proviant.
Tidleg omfatta truleg leidangsordninga berre kring eit par tusen mann frå Vestlandet. Mot slutten av 1200-talet var det, ifølgje testamentet til Magnus Lagabøte frå 1277, til saman 279 skipreider langs norskekysten frå Götaälv til Namdalen. Medrekna skipa frå byane og Hålogaland, som stod utanfor skipreideordninga, kan det maksimale talet på skip i den samla norske leidangsflåten ha vore over 300, slik Gulatingsloven føreset.
Kor stor mannskapsstyrken var, er meir uvisst. Skattemateriale frå seinmellomalderen kan tyde på at det berre vart rekna éin mann for kvar åre. Det gir eit maksimalt mannskapstal på vel 14 000. Men det kan ha vorte rekna med to mann på åra i høgmellomalderen. Då blir den teoretiske mannskapsstyrken ved fullt leidangsutbod nærare dobbelt så stor.
Leidangsflåten plikta etter Gulatingslova ikkje å følgje kongen lenger enn til landsenden. Flåten kunne difor, i alle fall i prinsippet, ikkje brukast til angrepskrig utanlands. Frå siste halvdelen av 1200-talet fekk kongen likevel i praksis rett til å krevje at halve leidangsflåten følgde han også utanlands. Håkon Håkonsson nytta seg av leidangen både i 1256 og 1257 på tokt til Danmark og i 1263, då han søkte å hevde norsk suverenitet over Vesterhavsøyane, i strid med den skotske kongen.
I denne perioden vart dessutan leidangsordninga utvida til også å gjelde skattlanda. I Magnus Lagabøtes reviderte lovverk er kongemakta sin kontroll over og forvaltning av leidangsstyrken sentralisert og utbygd på fleire vis. Den normale leidangstida vart sett til tre månader (mot to månader i Gulatingslova). Kongen fikk rett til å krevje meir enn normalt utbod i krigstid frå byane, om han med gode menns råd fann det naudsynt.
Kongen og hans menn fekk òg rett til å krevje inn det dei meinte trongst til reparasjonar og fornyingar i flåten. Dette bidraget frå folket til vedlikehald av skip, naust og anna utstyr skulle no etter lova betalast i mynt (ikkje i naturalia som tidlegare). Desse pengane skulle ikkje forvaltast lokalt, men under eitt for kvart lagdøme av eit tremannsutval leia av kongen sine lagmann. Det praktiske arbeidet skulle syslemennene ha ansvar for å få utført, i samråd med dei som forvalta desse regionale leidangskassene. Kor mykje av alt dette som vart sett ut praksis, er likevel uvisst.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.