Blåbær
Lisens: CC BY SA 3.0

Blåbær er ein dvergbusk i bærlyngslekta. Busken får blå bær om sommaren. Bæra blir brukt i saft og syltetøy. I Noreg veks det blåbær over heile landet. Å plukke blåbær er for mange ein viktig del av turopplevinga som sommaren.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Vaccinium myrtillus
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Blåbærbusken har fleire nære slektningar med blå bær.

  • hageblåbær er noko større en vanleg blåbær. Dei blir selt i matbutikkane og dyrka i norske hagar
  • blokkebær veks vilt i skogen og liknar blåbær, men dei er lyseblå utanpå, kvite inni og smakar mindre enn blåbær

Skildring

Blåbær er ein dvergbusk, som blir mellom 20 og 30 centimeter høg. Blada er lysegrøne med sagtakka kant som fell av om hausten. Dei grønkvite blomane, ofte med eit raudleg skjær, har samanvaksne kronblad.

Bæra er blåsvarte og saftfulle. Dei blir mellom fem og ni millimeter i diameter og inneheld mange frø.

Blåbærplantane dannar, som dei fleste artar i lyngfamilien, ein symbiose mellom planterøtene og jordlevande sopp, erikoid mycorrhiza (lyngmykorrhiza).

Utbreiing

Blåbær er vanleg i store delar av Europa, men finst også i Nord-Amerika og i Asia. I Noreg finst planten over heile landet, frå skogsområde i låglandet til rundt 1700 meter over havet på høgfjellet.

Bruk

Det er oftast bæra som blir brukt i matlaging, men blomane kan og brukast.

Blåbær har saftige og aromatiske bær. Nokre typar har søte bær, andre er meir syrlege. Bæra blir spist friske eller dei blir bruka i syltetøy, saft, sausar, dessertar og kaker. Tørka bær kan bruka i frokostblandinger, te og som snacks.

Blomane smakar søtt av honning og kan blir brukt i te og salatar.

Ulike typer

Blåbæra som veks vilt i skogen, har det vitskapelege namnet Vaccinium myrtillus. Det finst og mange andre buskar med blå bær som blir kalla blåbær.

Hageblåbær (også kalla amerikansk blåbær), arten Vaccinium corymbosum, er mykje større enn vanleg blåbær og har kvitt fruktkjøt. Dei blir dyrka for sal ein del stader, særleg på Austlandet og Jæren, men dei fleste hagebæra i butikkane er importerte frå andre land.

Næringinnhald

Næringsinnhold per 100 gram

gram
Vann 86
Sukker 7,5
Kostfiber 5
Protein 1
Fett 0,9
Kjelde: Matvaretaballen

Alle blåbær er rike på antioksidanter og C-vitamin, og de er en god kilde for A- og B- vitamin.

Vitaminer og mineraler Milligram per 100 g
Vitamin C 12
Vitamin A (RE) 0,016
Vitamin B1 (tiamin) 0,03
Vitamin B3 (niacin) 0,7
Kalsium 29
Kalium 122

Songar

«Blåbærturen» er en sang av Alf Prøysen. Den starter slik: «Det var en deilig sommerdag at Pelle sa til Kari Nå går vi ut i skauen for det er så mye bær».

Bare blåbær

Bare blåbær er et vanlig uttrykk. Det betyr at noe er småtteri eller lett å få til. Blåbær er jo små og de vokser tett, så de er lette å plukke.

Folkemedisin

Blåbær har ifølgje folkemedisinen stoppande effekt ved diaré.

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Ericales lyngordenen
Familie Ericaceae lyngfamilien
Slekt Vaccinium bærlyngslekta
Art Vaccinium myrtillus blåbær

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2024).

Slektningar

Global produksjon av blåbær

tidspunkt tonn
1961 35091.0
1962 30048.0
1963 36251.0
1964 38370.0
1965 33416.0
1966 48367.0
1967 41404.0
1968 35380.0
1969 62328.0
1970 60749.0
1971 61515.0
1972 55459.0
1973 76000.0
1974 62164.0
1975 62205.0
1976 64825.0
1977 56813.0
1978 65422.0
1979 71287.0
1980 73769.0
1981 85310.0
1982 92935.0
1983 98050.0
1984 85206.0
1985 103226.0
1986 99115.0
1987 110949.0
1988 115016.0
1989 112893.0
1990 133187.56
1991 125031.56
1992 114694.89
1993 143428.62
1994 134105.35
1995 157000.18
1996 158520.49
1997 174324.66
1998 158406.26
1999 205592.16
2000 211325.51
2001 231847.59
2002 202423.22
2003 218475.6
2004 238455.14
2005 256906.12
2006 286653.57
2007 291665.45
2008 353653.57
2009 383517.9
2010 388388.29
2011 444345.57
2012 490370.21
2013 526324.15
2014 628846.17
2015 645239.84
2016 752662.85
2017 720884.71
2018 823732.9
2019 1037118.86
2020 1040172.67
2021 1196360.16
2022 1304253.79
2023 1220665.49
Kjelde: FAOSTAT

Bærlyngslekta, som blåbæra høyrer til, er ein stor slekt med rundt 450 artar. Fleire av dei bæra som veks vilt i Noreg høyrer til her, mellom anna tyttebær og tranebær. Dei fleste artene har spiselige bær, men ikkje alle, og heller ikkje alle er like smakfulle og ettertrakta. Fleire av artane i slekta har blå bær, og fleire av dei har blåbær i namnet.

Blokkebær (V. uliginosum) er utbreidd i myrlendt mark i heile Noreg. Blokkebær lar seg skilje frå blåbær ved at dei har ein lysare blå farge, dei er kvite inni og dei er ganske smaklause.

Nordamerikanske artar

  • hageblåbær (V. corymbosum) blir opptil fire meter høg og blir kalla highbush blueberry på engelsk
  • V. angustifolium er atskillig lågere
  • Alaskablåbær (V. ovalifolium)
  • Thinleaf huckleberry (V. membranaceum)
  • Cascade bilberry (V. deliciosum)
  • California huckleberry (V. ovatum)

Søramerikaske artar:

  • Mortiño (V. floribundum)
  • Andes-blåbær (V. meridionale)
  • Costa Rica-blåbær (V. consanguineum)

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Vaccinium myrtillus
Tidlegare vitskapleg namn
Myrtillus nigra Gilib.
Artsdatabanken-ID
101825
GBIF-ID
2882833

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg