Hjørundfjorden er ein norsk fjord i Ørsta og Sykkylven kommunar i Møre og Romsdal. Sjølve Hjørundfjorden er ein 21 kilometer lang arm av Storfjorden, som sør for Ålesund strekkjer seg i søraustleg retning inn i Sunnmørsalpane.
Bygdene rundt Hjørundfjorden, og fjordarmene lenger inne i Storfjorden i Volda kommune og Norangsfjorden, har stadig vore heimsøkt av katastrofale snøskred. Bygdene ved fjorden er knytt saman med ferjerute mellom Hundeidvik og Festøy heilt ytterst i fjorden og Standal, Leknes, Sæbø, Skår og Trandal; dei to sistnemnde har berre samband i eit avgrensa, lokalt vegnett.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.