Omtrent fem prosent av arbeidsplassane i Ørsta var i 2020 i primærnæringane. Dette talet har etter måten vore nokså stabilt i Ørsta, sjølv om andelen har gått svakt ned over tid, slik som trenden ellers i Noreg.
Ørsta er den største jordbrukskommunen på Sunnmøre etter jordbruksareal i drift, men bruka er, som elles på Sunnmøre, relativt små. Nesten heile jordbruksarealet er eng til slått og beite. Det er eit variert husdyrbruk. Ørsta har størst storfehald på Sunnmøre, og har også eit stort sauehald. Det er også eit visst geite-, svine- og hønsehald i kommunen. Elles har Ørsta størst skogavverking blant kommunane i Møre og Romsdal. I 2024 vart det avverka 25000 kubikkmeter, noko som svarar til 9 prosent av avverkinga i fylket.
Vartdal har ein stor havfiskeflåte, og den heimehøyrande fiskeflåten i Ørsta førte i land fisk og skaldyr til ein samla fyrstehandsverdi på 174,6 millionar kroner i 2024. I Møre og Romsdal var det berre Ålesund, Giske og Haram som hadde ein heimehøyrande flåte som førte i land meir fisk dette året.
Ørsta er ein stor industrikommune. I 2024 stod industrien for 12 prosent av arbeidsplassane i kommunen; 27 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Industrien er variert, men viktigast er verkstadindustrien (48 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2013), særleg metallvareindustri (42 prosent). Dei viktigaste industribransjane elles er (prosentdel av industrien i 2013 i parentes): møbelindustri (16), næringsmiddelindustri, mellom anna Tine meieri (14), og gummi-, plast- og mineralsk industri (13). Industrien er sterkt konsentrert til administrasjonssenteret, men også Vartdal har ein del industri.
Ørsta er kommunen med sjuande størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 13 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 123 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Bjørdal (i drift fra 1931), som står for om lag ein fjerdedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Trandal (2005) og Urke (2008). Tussa Energi er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Øyadalen Kraftverk med om lag seks prosent.
Ørsta har stor turisttrafikk, særleg i fjellområda, som har stor trafikk både sommar og vinter. Ørsta Skisenter ligg på Bondalseidet. Hurtigruta går dagleg inn Hjørundfjorden i haustsesongen frå september til november.
Av dei busette yrkesaktive i Ørsta hadde 30 prosent arbeid utanfor kommunen 2014. 19 prosent arbeidde i Volda og 4 prosent i Ulstein og 4 prosent i Ålesund.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.