Lol Creme
Lol Creme | |||
Lol Creme i 1976 med 10cc | |||
Fødd | 19. september 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Prestwich i Lancashire i England | ||
Fødenamn | Laurence Neil Creme | ||
Alias | Lolagon | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Vokal, gitar, klaverinstrument, fiolin | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | 10cc, Hotlegs, Godley & Creme, Doctor Father, Art of Noise, The Producers, The Magic Lanterns | ||
Verka som | Musikar, musikkvideoregissør | ||
Born | Lalo Creme |
Laurence Neil «Lol» Creme (fødd 19. september 1947) er ein engelsk musikar og musikkvideoregissør, mest kjend for arbeidet sitt med 10cc. Han syng og spelar gitar og klaverinstrument.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]«Lol» er eit traisjonelt engelsk kallenamn for Laurence. Medan han gjekk på kunstskule i Birmingham møtte han Kevin Godley. Dei starta fleire band i lag, mellom anna 10cc, og i 1976 slutta dei begge to i 10cc for å starte Godley & Creme. Paret vart seinare aktive musikkvideoregissrar og arbeidde med band som Yes. Creme regisserte den jamaicanske komedien The Lunatic frå 1991.
I 1988 vart Creme medlem av bandet Art of Noise, med Anne Dudley og Trevor Horn, og regisserte videoar for artistar som spelte med dei, som Tom Jones. Creme arbeidde seinare meir med Horn, inkludert bandet Producers i lag med Chris Braide og Steve Lipson.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lol Creme» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lol Creme ved The Internet Movie Database (IMDb)