Lindisfarne
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lindisfarne kloster. For musikkgruppa, sjå musikkgruppa Lindisfarne.
Lindisfarne | |
---|---|
Lindisfarne-borga | |
Geografi | |
Stad | Berwick-upon-Tweed
|
Areal | 5 km²
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Northumberland
|
Demografi | |
Folketal | 162[1] (2001)
|
Lindisfarne, òg kalla Holy Island, 'Den heilage øya', er ei tidvassøy som ligg nordaust i England, i Northumberland nær Skottland. Øya, som berre har køyrbart vegsamband med fastlandet på fjøre sjø, er kjend for det tidlegare klosteret sitt, Lindisfarne kloster, og det er vanleg å nytte berre namnet Holy Island om denne øya på karta og i andre samanhengar. Klosteret blei herja i eit tidleg vikingåtak i 793, og dette åtaket har ofte vorte rekna som byrjinga på vikingtida. Klosteret ligg i dag i ruinar og er teke vare på som eit fornminne. Det ligg òg ein borg på øya, Lindisfarne Castle (Lindisfarne slott).
Fakta
[endre | endre wikiteksten]Klosteret på Lindisfarne blei grunnlagd av benediktinarar rundt 635, då kong Oswald av Northumbria sende den irske munken Aidan dit frå Iona. I tidleg mellomalder var det eit viktig lærdomssentrum, og opphavsstaden til manuskripet Lindisfarne-evangelia.
I 793 gjekk vikingar i land på øya, drap munkar og stal skattar frå klosteret. Det brutale åtaket av heidningar på den heilage staden blei i Den angelsaksiske krønika sett i samanheng med andre teikn som hungersnaud, uvêr og syn av drakar på himmelen, og skapte stor uro. Dette er det eldste dokumenterte vikingåtaket, og difor blir det ofte rekna som byrjinga på vikingtida, sjølv om det no helst vert nytta andre definisjonar og kriterium på når vikingtida tok til. Dateringa på åtaket er ofte oppgjeve som 8. januar, men dette er truleg ei feillesing av datoen 8. juni. Vikingåtaket er skildra på Lindisfarnesteinen frå 800-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindisfarne i Caplex
- «Holy Island» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Lindisfarne» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Graham-Campbell, James; David M. Wilson (2001). "Salt-water bandits" (Digitized by Google Books online). The Viking World (3 ed.). London: Frances Lincoln Ltd.. pp. 10 and 22. ISBN 0-7112-1800-5, 9780711218000. . Retrieved on 2008-12-01.
- Swanton, Michael. The Anglo-Saxon Chronicle, p. 57, n. 15.
- "Lindisfarne Castle - National Trust". http://www.holy-island.info/lindisfarnecastle/index.htm. Retrieved on 2008-07-15.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- The holy island of Lindisfarne, lindisfarne.org.uk
- Holy Island Crossing Tide Tables 2008 Arkivert 2021-02-21 ved Wayback Machine., Northumberland life
- Lindisfarne Strolling guides