Giovanni Domenico Cassini
Giovanni Domenico Cassini | |||
| |||
Fødd | 8. juni 1625 Perinaldo i republikken Genova | ||
---|---|---|---|
Død | 14. september 1712 (87 år) Paris i Frankrike | ||
Bustad | Italia Frankrike | ||
Nasjonalitet | Italiensk (1625-1673) Fransk (1673-1712) | ||
Område | Matematikk, astronomi, ingeniørvitskap og astrologi | ||
Yrke | selenographer, geodet, matematikar, astronom, ingeniør, astrolog, biolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Bologna | ||
Alma mater | Jesuitskulen i Genova | ||
Doktorgradsrettleiar | Giovanni Riccioli Francesco Maria Grimaldi | ||
Kjend for | Cassini-inndelinga, Cassini-lovene, Cassini-ovalen | ||
Ektefelle | Geneviève de Laistre | ||
Barn | Jacques Cassini | ||
Medlem | Royal Society Det franske vitskapsakademiet |
Giovanni Domenico Cassini (8. juni 1625–14. september 1712) var ein italiensk-fransk matematikar, astronom, ingeniør og astrolog.
Han var professor i Bologna i 1650, og vart av Colbert i 1669 kalla til sjef for det nyoppretta observatoriet i Paris. Han fann rotasjonstida for Jupiter, Mars og Venus, oppdaga fire av månane til Saturn, samt mellomrommet i ringane til Satun, kalla Cassini-delinga. Han sette òg opp dei første tabellane over formørkingane av månane til Jupiter og skildra problemet om librasjonen til månen. Han leia dessutan geodetiske målingar, som skulle ligge til grunn for arbeid med kart og for å finne forma til jorda. Sonen hans, Jacques Cassini (1677–1756), som etterfølgd faren som direktør, vidiareførte kartarbeida til faren, og fann opp Cassini-projeksjonen, som mellom anna vart brukt for norske rektangelkart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Giovanni Domenico Cassini», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014