Divan
Utsjånad
Divan (frå tyrkisk divan, opphavleg frå persisk devan) er ein sofa ein kan liggja på. Han skil seg ut frå andre sofaar ved å ikkje ha ryggstø eller armlene.[1] Ein divan er ofte dekt av teppe og/eller store puter og er gjerne plassert i opphaldsrom. Ein utslegen sovesofa kan ha form som ein divan.
Uttrykket og sofaane kom til Europa i romantikken, om lag mellom 1820 og 1850. Uttrykket kjem frå Det osmanske riket. Riksrådet deira vart kalla «divan», og i møterommet deira var det sofaar langs veggene. Ein liknande møbel med sams opphav er ottomanen.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Mustafa Aga, osmansk sendebod til det svenske hoffet, på ein divan. Måleri av Georg Engelhard Schröder frå ca. 1727-1732.
-
Jeune fille au divan (1893) av Berthe Morisot.
-
Divan (1905) av Vlaho Bukovac (Biagio Faggioni).
-
Interior cu divan albastru (1942) av Gheorghe Petrașcu.
-
Frå skodespelet Sangre en el Diván frå 2015.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Divan» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2019.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |