Bo Widerberg
Bo Widerberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 8. juni 1930 Malmö |
Død | |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, filmklyppar, skribent, skodespelar, regissør, filmfotograf |
Språk | svensk |
Far | Arvid Widerberg |
Bo Widerberg på Commons |
Bo Gunnar Widerberg (fødd 8. juni 1930 i Malmö, død 1. mai 1997) var ein svensk skodespelar, filmregissør og forfattar. Han vart nominert til Oscar tre gonger.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Bo byrja karrieren sin som forfattar og har utgjeve meir enn sju bøker, der den første, Høsttermin, utkom i 1952. Den siste boka, Den gröna draken, vart filmatisert i 1966 av Widerberg sjølv.
På 60-talet byrja han å jobbe som filmkritikar og samstundes skreiv han ei rekkje artiklar som kritiserte svensk film. Han etterlyste blant anna ein meir progressiv forteljarstil i svensk film og i 1962 skreiv han debattboka Visionen i svensk film. Særleg kritisk var han til Ingmar Bergman sin status og posisjon i svensk film og meinte filmane og historiene hans var for oppkonstruerte og stive.
I 1963 debuterte han sjølv med langfilmen Barnvagnen med Thommy Berggren i hovudrolla og med musikk av Jan Johansson. Filmen vart hylla som ein av dei første svenske filmane til å portrettere stresset og pressa av å leve i eit moderne byliv. Same år utkom Kvarteret Korpen som vart særs godt teke imot av publikum og kritikarar.
Widerberg var kontroversiell og modig både som filmskapar og person og var òg eit av Stefan Jarl sitt store førebilete. Dei var begge samde i det faktumet at film skulle vere eit resultat av ein slags sosial rapport og engasjement. Widerberg påstod at han sjølv lærde å lage film ved sjølv å sjå film og nøye analysere kvar scene frå byrjing til slutt. Bo Widerberg døydde av magekreft i Båstad i 1997.
Sonen Johan Widerberg er òg skodespelar.
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- 1962: Pojken och draken
- 1963: Barnvagnen
- 1963: Kvarteret Korpen
- 1965: Kärlek 65
- 1966: Heja Roland!
- 1967: Elvira Madigan
- 1968: Den vita sporten
- 1969: Ådalen 31
- 1971: Joe Hill
- 1974: Fimpen
- 1976: Mannen på taket
- 1979: Victoria
- 1984: Mannen från Mallorca
- 1986: Ormens väg på hälleberget
- 1995: Lust och fägring stor
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1952: Hösttermin (roman)
- 1952: Kyssas (noveller)
- 1954: På botten av himlen
- 1955: Kejsaren av Capri (noveller)
- 1957: Erotikon (roman)
- 1959: Den gröna draken (roman)
- 1962: Visionen i svensk film (essaysamling)
Nominasjonar og prisar
[endre | endre wikiteksten]- 1996 – Sølvbjørnen i Berlin for Lust och fägring stor
- 1971 – Juryeprisen i Cannes for Joe Hill
- 1969 – Grand Prize of the jury for Ådalen 31
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.imdb.com/name/nm0927090/awards
- http://www.malmo.com/swedish/celeb/profilview.asp?prevID=174 Arkivert 2008-03-14 ved Wayback Machine.
- http://www.allmovie.com/cg/avg.dll?p=avg&sql=2:116703~T1[daud lenkje]