Hopp til innhald

Trevor Tomkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trevor Tomkins
Fødd12. mai 1941 (83 år)
FødestadLondon
Dødseptember 2022
FødenamnTrevor Ramsey Tomkins
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1962
SjangerJazz
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarDon Rendell
Ian Carr
Michael Garrick
Verka somMusikar

Trevor Ramsey Tomkins (12. mai 19410. september 2022) er ein engelsk jazztrommeslagar, mest kjend for arbeidet sitt i fleire britiske band i 1970-åra, som Gilgamesh.

Tomkins studerte musikk ved Guildhall School of Music. Han spelte først trombone som tenåring, før han valde å spele trommer i staden.[1]

I 1962 byrja han å spele med Don Rendell i Don Rendell/Ian Carr-kvintetten fram til 1969. Han spelte inn fleire album med pianisten Michael Garrick og Don Rendell seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra. I 1970-åra arbeidde han med Ian Carr sitt Nucleus, Giles Farnaby's Dream Band, David Becker og Henry Lowther's Quaternity. Han spelte òg med Sonny Stitt, Phil Woods, Lee Konitz, Frank Ricotti, Mike de Albuquerque og Tony Coe.[2]

  1. Trevor Tomkins Biography www.allmusic.com
  2. Trevor Tomkins Biography www.henrybebop.com