ChatGPT
ChatGPT | |||
| |||
| |||
Skapar | OpenAI | ||
---|---|---|---|
Utviklar | OpenAI | ||
Utgjeve | 30. november 2022[1] | ||
Nyaste versjon | ChatGPT May 16, 2024 Version (16. mai 2024)[2] | ||
Plattform | nettlesar, programmeringsgrensesnitt | ||
Skriven i | Python | ||
Type | tekstgenerering, Maskinomsetjing, AI-generert tekst | ||
Lisens | proprietær lisens | ||
Nettstad | https://chatgpt.com/ |
ChatGPT er ein kunstig intelligent samtalerobot. 'GPT' i namnet er akronym for det engelske generative pre-trained transformer og er ei nemning for ei gruppe av språkmodellar. Dette er ein trent språkmodell utvikla av OpenAI. Han er ein samtalerobot som bruker overvakt læring og forsterkande læring, med menneskelege trenarar som speler begge sider av samtalen. Modellen vart trent på Microsoft Azure infrastruktur i samarbeid med Microsoft.
ChatGPT kan etterlikne menneskeleg samtale, skrive dataprogram, svare på testspørsmål, skrive poesi, spele spel og meir. Han kan brukast til kreativ skriving og omsetting av språk, mellom anna kan ChatGPT gjenkjenne nynorsk. Han hugsar også tidlegare meldingar i ein samtale og har høvet til å tilpasse svara sine. OpenAI erkjenner likevel at ChatGPT nokre gonger kan gje feilaktige eller useriøse svar. Modellen har også avgrensa kunnskap om hendingar etter 2021 og har ikkje lov til å gje uttrykk for politiske meiningar. Modellen har òg avgrensingar i treningsdata, inkludert skeivskap i algoritmar og har preferanse for lengre svar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ChatGPT ravive les débats autour des compétences de l'intelligence artificielle»; kortnamn på forfattar: Mathilde Saliou; språk på verket: fransk; utgjevingstidspunkt: 16. januar 2023.
- ↑ «ChatGPT — Release Notes».
- Delar av denne artikkelen bygger på «ChatGPT» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- DigitalNorway Hva er ChatGPT? Henta 12. februar 2023.
- Offisiell nettstad