Tijaniyya er eit sufi-brorskap grunnlagt i Marokko av Ahmad al-Tijani (1737-1815). Det hadde utspring i Nord-Afrika, men bredde seg også særleg ut i Vest-Afrika på 1900-talet.
Faktaboks
- Uttale
-
tidjan'iyya
- Etymologi
-
arabisk, frå grunnleggaren Aḥmad al-Tijānī
Tijaniyya-brorskapet høyrer til dei nye sufi-ordenane som oppstod på 1800-talet og er prega av sterkare organisering enn mange av dei eldre brorskapa. Det fremma stille dhikr og åtvara mot overnaturlege element som å søke forbønn ved helgengraver. Det skil seg også ut ved at al-Tijani, som sjølv kom frå khalwatiyya-brorskapet, meinte hans orden samla opp i seg det verdifulle i alle dei andre, og ein tilhengarar av tijaniyya-ordenen slik ikkje skulle ha kontakt med andre brorskap. Mange ordenar kan oppfatte andre som rivalar, men stiller seg normalt ikkje i vegen for at medlemmer kan gå i lære hos og «ta til seg» esoterisk kunnskap frå fleire brorskap. For Tijaniyya-medlemmer var ikkje den vegen open.
Denne avvisande haldninga til andre ordenar var truleg ein av årsakene til at brorskapet ikkje deltok i den motstandskampen Abd al-Qadir, ein leiar av qadiriyya-ordenen, reiste mot den franske invasjonen i Algerie etter 1830. Tijaniyya-brorskapet heldt seg politisk passivt til det franske styret, og vart av kolonimakta rekna som heller «venleg».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.