State of the union address er ein årleg tale som USAs president held til Kongressen om rikets tilstand og er retningsgivande for presidentens politikkutforming. Utviklinga av massemedium har endra talens funksjon frå primært å vere ei orientering til Kongressen til å vere ein appell til folket. Talens seremonielle preg gjer den også eigna til å vere eit maktinstrument for politisk mobilisering.

Innhald og prosedyre

Speaker i Representantenes hus, demokraten Nancy Pelosi, demonstrerer mot president Donald Trump ved å rive i stykker talen han nettopp har holdt i februar 2020.
Foto fra State of the Union-talen i 2020
Av /Reuters/NTB.

Den amerikanske grunnlova forpliktar presidenten til å halde Kongressen orientert om saker som er viktig for nasjonen, men seier elles ingenting om korleis dette skal gå føre seg. Sidan 1930-åra har orienteringa blitt lagt fram i ein tale som skjer i januar eller februar kvart år. Presidenten les opp talen i kongressbygninga.

I tillegg til kongressmedlemmene er medlemmene i høgsteretten og kabinettet til stades, også representantar frå det militære og frå ambassadane til USA. Fleire hundre gjester blir også inviterte. For å vere ei årsmelding har seansen eit sterkt seremonielt preg, og talen er ofte prega av rosande omtale av både nasjonen og politikken til den sittande presidenten. Talen er politisk viktig ettersom alle tre greiner av statsapparatet og mykje av makteliten elles er samla, og talen er kringkasta til heile nasjonen. Opposisjonen gir ofte ein offisiell respons på talen, men det skjer ikkje i kongressbygninga.

Talen er på om lag ein time og gir ei omfattande tilbakemelding om korleis det står til med det amerikanske samfunnet. Det er ein statusrapport som omfattar innanrikspolitikk der økonomien er viktig, beredskap, tryggleik og utanrikspolitikk. Presidenten gir også ein gjennomgang av kva som har blitt gjort i året som har gått, til dømes nye lover og reformer. Talen gjer også greie for kva politiske målsettingar regjeringa har for framtida. Presidenten kan også kaste glans over gjester i salen med ei spesiell helsing. Politisk fungerer talen som ein appell til borgarane om å slutte opp om presidentens politikk.

Historikken

USAs andre president, John Adams (1797–1801), holdt som forgjengeren George Washington talen om rikets tilstand til Kongressen. Etterfølgeren Thomas Jefferson gjorde det ikke.
Av .

Dei to første presidentane, George Washington og John Adams heldt talen i Kongressen, men den tredje presidenten, Thomas Jefferson, tykte på karakteristisk vis at det heile likna for mykje på monarkiske tradisjonar. Han skrota talen og leverte heller ei skriftleg utgreiing, og slik blei det for alle presidentar fram til 1913 då president Woodrow Wilson talte til Kongressen.

Men det var første med president Franklin D. Roosevelt (1933–1945) at talen vart eit politisk ritual som retta seg ikkje berre til Kongressen slik som grunnlova krev, men til heile det amerikanske folket.

Viktige talar

Foto av mann på talerstol.
Lyndon B. Johnson holder sin første State og the Union-tale 8. januar 1964.
Foto av Lyndon B. Johnson
AP/NTB.

Roosevelt har også levert fleire minneverdige talar. I 1941 tala han om dei fire fridomane som ein kjempa for under den andre verdskrigen – ytrings- og religionsfridom og fridom frå naud og frykt. Den andre av Roosevelts mest kjende talar kom i 1945 opg var hans siste. Roosevelt lanserte visjonen om ei ny rettserklæring (second bill of rights, dei ti første tillegga til grunnlova) som omtalte sosiale og økonomiske rettar. Begge talar inspirerte stiftinga av FN og utarbeidinga av menneskerettserklæringa i 1948.

Andre viktige talar er Lyndon B. Johnsons tale i 1965 der han lanserte sitt store reformprogram, The Great Society, som omfatta mellom anna styrking av borgarrettar for svarte og tiltak mot fattigdomen. George W. Bush brukte talane i byrjinga av 2000-talet for å teikne eit nytt fiende bilde der Vondskapens akse vart omtalt og stake ut ein ny utanrikspolitisk kurs der kampen mot terror stod sentralt.

Presidenten som verkeleg utnytta potensialet til presidenttalen som politisk reiskap, var den karismatiske Ronald Reagan i 1980-åra med bodskap om den nye morgondagen i Amerika. Talen til Gerald Ford i 1975 er også minneverdig fordi han i motsetning til talekonvensjonane, og dessutan i klar tekst, sa frå om at det gjekk dårleg med USA («The state of the union is not good».

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg