Shadhiliyya er eit sufi-brorskap grunnlagt av Abu Hasan al-Shadhili (1196–1258). Det er særleg utbreidd i Nord-Afrika, og merkar seg ut med ei nøktern form for islamsk mystikk. Det har spelt viktige roller i nordafrikansk historie og finst nå i store delar av den islamske verda.

Faktaboks

Uttale

sj'adhil'iyya

Etymologi

arabisk Shādhiliyya, etter Abū Ḥāmid al-Shādhilī

Også kjend som

Chadiliyya

Skrifter

Al-Shadhili var fødd i det nordlege Marokko og knytte seg til ein kjent sufi-lærar der. Då han tok til å samle eigne elevar, møtte han motstand mellom dei lærde i Marokko og reiste derfor austover til Egypt. Han verka seinare delvis der og dels i Tunisia, men døydde og vart gravlagd i Egypt.

Det var også i Egypt at hans viktigaste følgarar spreidde hans idear, særleg Ibn Ata Allah al-Iskandari (1259–1310). Han skreiv samlinga Ḥikam ('Visdomsord') som gjorde ordenen vidkjent også utanfor brorskapets eigne rekker, ho vart kommentert og lest over heile verda. I Marokko skreiv Muhammad al-Jazuli (1404–1465) ei samling av bønner i Shadhili-tradisjonen, Dalāʾil al-khayrāt ('Teikn på gode gjerningar') som òg hadde stor innverknad. Al-Shadhili sjølv etterlét seg ikkje større skrifter, men hans eigne bønnesamlingar, særleg Ḥizb al-baḥr ('Havets bønn') er sentral i ordenslivet.

Ritual

I rituala til ordenen (dhikr) avviste al-Shadhili ytterliggåande praksis som ekstatiske utsegner, høg musikk eller dans. I staden samlar dei truande seg til høgtlesing av bønner frå Ḥizb al-baḥr og andre, gjerne av munshidin, spesialistar i resitasjon. I nokre delar av verda kan kvinner delta i rituala, andre stader ikkje.

Det modererande preget til ordenen låg også i at al-Shadhili avviste at ordensmedlemmene skulle ha eigne fattigslege klede, slik andre brorskap praktiserte, eller skulle leve av tigging. Han avviste også at menneske kunne utføre mirakel og fordømte praksisen med å be om miskunn ved helgengraver. Det hindra likevel ikkje at ordensbrør seinare kunne fortelje om mirakel både hos han sjølv og seinare heilage menn og kvinner i ordenen.

Forgreiningar

Shadhiliyya-brorskapet har ikkje noko sentralt leiarskap, men spreidde seg frå 1500-talet ut over heile Nord-Afrika, og er i dag truleg det klart mest utbreidde brorskapet i Maghreb-landa. Det har i hovudsak vore upolitisk og pietistisk og fekk mange tilhengarar mellom dei lærde, og vart etter kvart også utbreidd på landsbygda.

I nokre tilfelle har det også deltatt i politiske konfliktar, særleg gjennom ulike avgreiningar frå hovudordenen. På 1600-talet deltok slik Shadhiliyya-Jazuliyya-greina i kampane mot portugisiske invasjonstyrkar i Marokko, og hadde i eit par tiår også reell statsmakt i landet, i overgangen mellom to sultan-dynasti. Seinare danna Abu Hamid al-Arabi al-Darqawi (1760–1823) si eiga grein av ordenen og var aktiv i ein konflikt mellom Marokko og osmanane i Algerie.

Andre viktige greiner av shadhiliyya-ordenen er Yashrutiyya som fekk feste i Syria og Palestina og på 1800-talet breidde seg ut i Aust-Afrika. På same tid utvikla det seg også nye avleidde ordenar etter den marokkanske læraren Ahmad Ibn Idris (ca. 1750–1837), særleg Khatmiyya, som har styrken sin i Sudan, Sanusiyya i Libya og Sahara, og Rashidiyya-Dandarawiyya i Sudan og Egypt. Frå den siste kom også Salihiyya-ordenen i Somalia, kjent ikkje minst for anti-kolonial motstand på starten av 1900-talet.

Shadhiliyya-ordenen er elles kjent for sitt sosiale arbeid med mellom anna velferdstiltak for fattige, både i Egypt og andre område. Den inspirerte også europeiske intellektuelle på 1900-talet, der fleire, som Titus Burckhardt og filosofen René Guénon, slutta seg særleg til Darqawiyya-greina av ordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg