Jord- og skogbruk er viktige næringar. I 2013 utgjorde det samla jordbruksarealet i kommunen 10 890 dekar. Av dette vart 723 dekar nytta til bygg og 9 866 dekar til eng, slått og beite. Kviteseid har mykje brattlendt jord. Husdyrhald er viktigast, men i låglandet nær vatna blir det drive atskilleg frukt- og bærdyrking.
I 2015 utgjorde skogavverkinga 31 630 kubikkmeter. Av dette var gran 24 866 kubikkmeter, furu 6 627 kubikkmeter og lauv 137 kubikkmeter. Forutan store skogeigedommar tilhøyrande Cappelen og Aall på Ulefoss er det mest gardsskog. Det meste av industrien har tilknyting til jord- og skogbruk.
Kviteseid har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 88,9 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Osen (i drift fra 1954), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Flatlandsåi (2006) og Heiåi (2008). Skafså Kraftverk ANS er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Resten eiges av Vrådal Kraft.
Kommunen har fleire hotell og gjestgivargardar; i det heile er reiseliv og turisme ei viktig næring i Kviteseid.
Avisa Vest-Telemark blad kjem ut i Kviteseid to gonger i veka.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.