Jugoslavia er namnet på tre land i Europa, som har eksistert på ulike tidspunkt. Desse tre landa har delvis omfatta dei same områda.

Dei tre landa er:

1. Kongeriket Jugoslavia

Kart som viser Kongeriket Jugoslavia frå 1918 til 1941 i grønt og landa omkring i grått.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Kongeriket Jugoslavia blei danna i 1918 etter første verdskrigen. Det eksisterte fram til andre verdskrigen i 1941.

Landet blei styrt av kong Aleksander 1. fram til 1934. Då blei kongen skoten, og fetteren hans, prins Paul 1., styrte landet til 1941.

2. Den sosialistiske republikken Jugoslavia

Kart som viser Den sosialistiske republikken Jugoslavia frå 1945 til 1992 i grønt og landa omkring i grått.
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Den sosialistiske republikken Jugoslavia blei oppretta etter andre verdskrigen, i 1945. Han blei styrt av det kommunistiske partiet, leidd av Josip Tito.

Republikken bestod av Serbia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Nord-Makedonia. Han blei oppløyst i 1991.

3. Forbundsrepublikken Jugoslavia

Kart som viser Folkerepublikken Jugoslavia fra 1992 til 2003 i grønt og landa omkring i grått. Same stat hadde namnet Statsunionen av Serbia og Montenegro frå 2003 til 2006.
.

I 1992 danna Serbia og Montenegro ein stat. Staten fekk namnet Forbundsrepublikken Jugoslavia. Han blei leidd av president Slobodan Milošević. Denne staten fekk ikkje bli medlem av FN.

I 2003 endra staten namn til Statsunionen av Serbia og Montenegro. I 2006 ville Montenegro bli eit eige land, og unionen blei oppløyst.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Tidl. ambassadør, Siviløkonom